Menu




Subscribe

Montalivet

110

22

32

42

52

62

71

81

9

Photography: Signe Fuglesteg Luksengard

«Visste du at sukkerspinn heiter Barbapapa på fransk? Og at det, om ein oversett det direkte til norsk, betyr skjegget til papa? Eg synest det er ein av så mange fine ord på fransk. Språket kan eg ikkje flytande, men dei to månedane som assistenten til Jock Sturges førre sommar hjalp på. Bungalowen vår var omringa av ungar som ville leike, me hadde tannpussdisco og var eit klatrestativ omtrent døgnet rundt. Stamma fram ord, så setningar og leika uss fram til eit språk. På kvelden pakka me på uss tjukke klede, tok med oss ungane til nabobyen og køyrde karusell. Dei hyla av glede, medan Sigrid og eg klukka og lo.

14.juli feira me nasjonaldagen til trompetspeling og fyrverkeri. 14. august slo dei på stortromma og arrangerte ein ekstra feiring for dei som ikkje hadde hatt ferie i juli. Denne gongen med musikken til ABBA i bakgrunnen, medan rakettane dundra av stad. Synkroniserte og spektakulære.

No er det snart eit år sidan førre sommar. Eit år sidan eg såg og leika med vennene mine på ni og ti år. Dei skal vere der nede også i år. Som kvart einaste år. Ein slags rar feriekoloni. Ei eigen verd, der alt ein bryr seg om er morgondagens sol, om filmen er klar og kva ein skal ha til middag. Ei verd me ikkje kunne prate om nyheiter og diskutere dei viktige verdiane, men var navlebeskuande, nakne og brune.

Souvenir er eit anna fint fransk ord. Det betyr minne. Eg likar tanken på å kjøpe med seg ein souvenir heim. Då kjøper ein eigentleg berre med seg eit minne.»

Archive

Ninny, Moomin

k

Repeating nature

‪Paul Klee, Fire at Full Moon, 1933‬

Knausgård after the press event “Behind the Scenes” for the...

Fine iPhonekorn fra i går natt på Torggata Botaniske.
Follow and Like:
0

Your Cart